måndag, august 09, 2010

Miniferie til Hustad.

Nokre dagar i førre veke reiste eg og ungane + mamma til slekta i Romsdalen.
Det er pappa si familie som bur der, men han sjølv hadde ikkje tid til å vere med, og ikkje Audun heller, for det er så mykje som skal gjerast i fjøsen til alle kyrne kjem innatt frå beite om ikkje altfor lenge.
Men vi kosa oss åleine på tur vi... Marius fekk treffe att fadderen sin, Kirsten, og vi fekk tatt ei runde rundt for å besøk alle som det er så altfor lenge sidan vi hadde besøkt.
God kjemi mellom Marius og Kirsten. Her hadde dei eit skikkeleg tøyseføre. Marius pratar om det enno..

Kirsten hadde også spennande leiker, og dette togsettet fall verkeleg i smak. Det hadde fjernkontroll til toget, så Marius fekk starte, stoppe, skifte veg, tute og blinke med lysa. Det var tydelegvis spennande. Han småprata og leika seg lenge. Eigentleg småprata han ganske mykje på heile turen, og det hadde kanskje noko med at han leika stort sett åleine, og han gjekk og pusla for seg sjølv. Byrjar å verte stor gut....;-)

Tok ikkje så mykje bilete på turen. Det vart rett og slett litt for lite tid til det med to ungar rundt seg som skulle passast på heile tida. Men vi hadde nokre kjempefine dagar med fint vêr, og hyggeleg selskap. Vi kjenner oss alltid så velkomne til dei alle.


Ingen kommentarer: