Marius og Tilda i båten på veg til Grisholmen. Første båtturen til Marius og han syntest det var veeeldig spennande.
Ungane gjekk fort i gang med å leike, og dei hadde det så kjekt ilag.
Etterkvart kom sola skikkeleg fram også, og vi leita fram eit lite plaskebasseng. Marius og Mariell var tidleg igang med badinga...
...og det skulle vise seg å verte veldig fullt til slutt. Alle 8 ungane bada og storkoste seg.
Tilda var heilt sprø, og på dette bilete er ho faktisk under vatn!
Der kom ho oppatt!!
Bading i sjøen også for dei tøffaste. Det må nemnast at vatnet var iskaldt, men ungane bada lenge likevel.
Siril er ein kløppar på vannski og suste rundt holmen.
Eg fylgde nervøst med, for etterpå skulle eg få prøve...
Eg angra meg litt der og då, for eg tenkte at "dette klarer eg aldri".
Og det vart også nokre mislykka forsøk...
Men eg klarte å kome meg opp, og det var så kjekt!!
Klarte å stå lenge også, og det var ikkje så vanskeleg som eg trudde.
Dette må prøvast meir!
Ein tur rundt holmen for å kike oss rundt måtte til, og ungane fann seg blåbær på vegen.
Vél heime i huset til Siril og Aasmund var det nokre trøtte ungar som leika seg litt ilag inne før leggetid.
I nattdress, klar for natta...
Så var det tid for litt voksenkos. God mat og drikke, og eit spel. Klokka gjekk så altfor fort denne kvelden.
Tidleg morgon med dei minste. Skulle ikkje tru det var 8 ungar i huset, for alle var så snille og flinke. Her kosar dei seg med frukosten.
Litt flørting rundt bordet var det også;-)
Emma og Thea.
Søndagen fekk eg ikkje tatt så mykje bilete, for då var vi på Herøy Fritidsbad og kosa oss. Desse to rakkarane vart likevel knipsa i det dei stod så fint og kosa seg med litt rips i hagen. Glade i mat begge to og nokså like på mange måtar.
Og til sist, men ikkje minst, den utruleg flinke Tiril, som var heilt fantastisk flink til å vere ilag med Mariell heile helga. Ho ordna ut med det aller meste, og er blid som ei sol heile tida. Mariell hadde det som "plomma i egget". Tusen takk, Tiril, du er heilt super. Torje og Tilda er heldige som har ei så snill og flink storesyster som deg.
Tusen takk til Siril og Aasmund som tok i mot oss, og takk til alle dokke andre for ei fantastisk helg ilag!
Kjekt at vi klarte å samle alle sammen.
Vi sette så utruleg stor pris på at vi fekk kome og håper at vi kan få invitere også ved ei seinare anledning.
1 kommentar:
ÅHHHHH, SÅ MANGE KOSELIGE BILDER OG MINNER!!!!!!
Det er VI som skal takke! Det var såå kjekt å ha dere på besøk! Bare så synd at tiden skal gå så fort alltid:(
Jeg leste siste biten av innlegget til Tiril her, og hun ble kjempeglad! Hun synes det er så kjekt med små babyer hun, og det er ekstra kjekt når det blir satt pris på! Ja, hun er skikkelig flink, denne storejenta vår <3
Hadde vært kjekt å få til slike helger innimellom, for det er GULL VERDT å ta vare på- vennskapet vårt!
Legg inn en kommentar