søndag, august 01, 2010

"Barnas Gård"

På Barnas Gård sov Marius seg gjennom første del av besøket, så vi rakk å gå ei runde før han vakna.
Mariell fekk kose seg i bæreselen så lenge vogna var opptatt. Ho var nyfiken på alle dyra ho fekk sjå.
Favoritten til ungane var nok bura med kaniner, hamsterar og marsvin.
Jo-Martin fekk halde.

Marius måtte gi ein klem til kanina.

Mariell vart litt skeptisk når kanina kom for nær..

"Kar dei e' hen då?"

Jo-Martin likte godt marsvina.
Tankefull Marius kikar på geitene.

I grisebingen vart Marius så forbausa over at grisane grov i molda med nasa. Har snakka mykje om det etter vi kom heim.


Søte kyllingar i hønsehuset sprada i lag med hønene, hanen.....

....og den flotte påfuglen. Berre så synd vi ikkje fekk sjå når han viste fram stasfjørene sine.

Helste på hestane. (Den eine hesten var så gammal at den såg sjuk ut...syntest synd på den.)

Ein liten pust i bakken før vi avslutta gardsbesøket og sette kursen heimover att.
Vi stoppa og overnatta på Lom før vi reiste siste biten heim på måndag.
Feriedagane gjekk så altfor fort, men vi hadde ein kjempefin feire og det var godt å få sjå litt sol også.
Veldig kjekt å reise fleire ilag på tur også.

Takk for turen til familien Solhaug;-)


Ingen kommentarer: