Vi måtte sjølvsagt også få med oss eit besøk på Hunderfossen. Vi troppa opp i 11-tida, og var veldig glade for at vi hadde kjøpt billettar på hotellet, for køa var kjempelang. (Parken åpna kl 10.00) Marius gleda seg veldig til å sjå det store trollet, og eg trur han vart ganske overraska då han såg kor stort det var. Det er jo ikkje så lett å skjøne kor stort det er på bilete.
Gravemaskiner er alle gutar sin favoritt, trur eg. Marius var stuptrøtt då vi kom til gravemaskinene, men han var nesten ikkje til å rikke derifrå. Han sette seg først oppå ei gravemaskin som var opptatt, bak ein liten gut. Guten som sat der frå før protesterte ikkje ein gong då Marius tok seg til rette og tok tak i kontrollane. Det enda med at guten gjekk av, og så sette han seg bak Marius...
Etterpå sat Andreas og Marius i lag.
Det må vel nesten nemnast at desse dagane med parkbesøk hadde Marius det så travelt at han "gløymde" å sove om dagen, og han var oppe frå kl 06.00 om morgonen. Likevel verka det ikkje som han gjekk tom for "batteri". Litt surmuling og diskusjonar vart det ut på dagen, men han greidde seg godt. Godt gjort for ein kar som kan sove i 2-3 timar på dagtid..
Mate ender er alltid like spennande.
Marius fekk prøve å køyre vogntog. Ikkje enkelt å svinge og halde gassen nede samstundes. Pappa var til god hjelp, og det kom seg etterkvart.
Grilling måtte til. I parken var der oppvarma grillar, så det var berre å ta med grillmat.
Oppe til venstre her står vi i kø for å prøve "elverafting". Det var veldig kjekt.
Biletet oppe til høgre har også ei litt artig historie. Vi sat rundt ein benk med parasoll og drakk slush.
Plutseleg drog Mariell i handtaket til parasollen slik at parasollen kom nedover og rett på oss. Flira godt då ja. Fantejenta...
Marius som "Smørbukk".
Familiebilete på tåa til trollet;-)
Jo-Martin og Andreas poserte også med nyinnkjøpte vikinghjelmar.
Vart eit langt innlegg dette her...og eg vart så trøtt, så no vert det natta på denne jenta.
Neste innlegg kjem snart med meir om turen og besøket på Barnas gård.


1 kommentar:
So mykje kjekt dåkke he gjort da! Kjekt å sjå mange bilde frå ferien dåkka! :)
Legg inn en kommentar