måndag, juli 12, 2010

Asbjørg og Asgier gifta seg i helga, 10. juli.

Etter 10 år som forlova fekk dei endeleg gå fram mot alteret og verte mann og kone.
Yngstejenta, Sigrid Marie, vart litt sjenert av alt oppstyret, og syntest fanget til pappa var tryggast.
Brudeparet sette sitt preg på sermonien, og hadde trekkspelarar som spelte brudemarsjen, ein nydeleg melodi som heitte "Feldråka og trekkspelkaillen".
Dei 13-14 åra som kjærestar og 10 siste åra som foreldre til etterkvart tre hærlege jenter, gjorde at brudeparet valde å gå inn i lag. Også framme med presten fekk vi bevis på at dette var noko dei hadde hatt lyst å gjere lenge. Brudgommen svara "Jajajajaja...", bruda svara "Ja, ENDELEG!" Folk humra godt då.
På kyrkjetrappa med foreldre og svigerforeldre.
Og sjølvsagt, kysset!
Med brudepikene og forlovarane.
Kos...
Kaka skulle delast og smakast på.
Til slutt eit bilete av gode venninner av Asbjørg, ein hærleg gjeng, som var med på å gjere dagen og kvelden/natta super.

Gratulerer so mykje med vél overstått bryllaup, og takk for ein kjekk og stemningsfull dag ilag alle saman.
Dokke e hærlege!


5 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Det va en heilt fantastisk dag på alle måta!! Alt gjekk på skinne heile dagen, kun kaffien so vart litt forseinka, men det gjor ingen verdens ting!!! Ej he ingen bilde sjøl ta dagen...so ej håpe ej fe litt me dei so va der :-)

Tusen takk Anette for at du stilte opp å spelte i kirka i lag med Maria, å for at du ville vere kapellmester under middagen! Du va heilt uvurderli for oss!!!

Randi sa...

Ja, dette var eit veldig flott bryllaup, der signaturen til Asbjørg og Asgeir var veldig tydeleg. Akkurat slik det skal vere! :) Du, eg ha blitt veeeeldig glade om eg ha fått ein kopi av biletet med alle oss damene på ;) Gode veke til deg og dine!! Klem

Dagfinrud Moe sa...

Trur fotografen gjorde en kjempejobb, men om du vil ha nokre av bilda mine e d berre å kopiere. He no fleire enn ditte då, men ditta va mine favoritta.
Va en knallbra dag på alle måta ja, og dokke va so fine.
Kjekt at dokke likte spelinga, kjekt å kunne stille opp, og artig at dokke spurte mej;-)

Dagfinrud Moe sa...

Berre klikk dej innpå bilde så du fe d i stort format, Randi, og so kopiera du d. Trur d ska gå, viss ikkje so kan ej sende d på e-post.
Fine gjeng me va;-)

Åse-Lill og Runar sa...

Thihi... for en mage ej he... ;)