måndag, juli 05, 2010

Slåttehjelp.

I helga har vi hatt overnattingsgjest her.
Kristian har sove på sofaen, (sidan vi ikkje har gjesterom endå...) og han har vore ei stor hjelp for Audun med slåtten. Han er utruleg flink til å leike med Marius og Mariell også, så mor i huset har endeleg fått sortert litt klede, for det var sårt trengande.
Med Kristian i huset er Marius storfornøgd, og han skal gjere akkurat det same som Kristian gjer, heile tida.
Ein skal ikkje undervurdere kopiert åtferd..sjå og lær!
Ein skal tidleg krøkast, som god krok skal bli!

Sliten arbeidskar. Marius fekk vere med til kl 22, men nekta å gå inn att.
Så kjekt å hjelpe til.
Og dei som gjekk i vegen for han, fekk streng beskjed: "Pass dej!"
I skrivande stund er slåtten unnagjort, og det gjenstår berre å ha press på siloen.
Audun har køyrt heile dagane, så no er det godt å vere ferdig!

Ingen kommentarer: