Vi reiste til Lom og overnatta på Nissegarden ei natt, før vi reiste vidare til Nermo hotell i Øyer/Hafjell.
Der hadde vi ei flott og ny leiligheit med plass til alle saman, og vi storkosa oss der i mange dagar, medan vi farta rundt på dei obligatoriske parkane rundt om.
Leiligheita hadde 3 soverom med køysenger og dobbeltseng. Kjøkkenet var nytt og moderne med alt av kvitevarer innebygd. Badet var stort og romsleg med badstu til, og i tillegg var der eit ekstra toalett. Greitt når ein er så mange i same leiligheit.
Beliggenheita var topp. Fin utsikt oppe i høgda, og ca 4-5 min køyring til sentrum, Lilleputthammer, Leikeland, Hunderfossen osv...
Reisefølget vårt. Janne og John Åge sine tre små gull. Henriette, Andreas og Jo-Martin.
Første "park" var Lilleputthammer.
Sidan vi hadde med oss så mange små, måtte vi ha mange og ofte matpauser.
Her starta vi med lunsj for store og små.
Lilleputthammer vart forsert i høgt tempo. Marius såg vi som regel berre ryggen av, slik som her...i den blå skjorta. Han stakk av heile tida, og det var berre å legge på sprang, for han snudde ikkje. Litt for liten til å forstå konsekvensane av å stikke av endå og litt for glad i å springe.

Meir om turen og besøk til Hunderfossen og Barnas gård kjem etterkvart. No må eg ut og nyte sola!!
1 kommentar:
Ser ut som ein aldeles nydeleg ferie!! :D Har notert meg overnattinga mtp seinare ferie. Ikkje heilt vellukka den vi valgte i år.. Kjempefin bloggen vart med forandringane! (fin før også altså) Fortsatt god sommar!! :D
Legg inn en kommentar