Ikveld var vi med til Kvistaddalen alle i hop. Marius elskar å vere med, og han skal gjere alt Audun gjer.
Oi, sjå alle "møane"...
Marius lurte litt på kor i alle dagar vi skulle få dei ned til fjøsen. Dei såg ikkje ut som dei hadde tenkt å flytte på seg med det første.
Kyrne sig sakte men sikkert nedover mot oss...
Audun startar aggregatet. Marius synest det bråkar mykje...men det var veldig spennande også.
Mariell med eit lurt smil i vogna.
Kjem ikkje dei snart då??
Nærmar seg no...
Marius og Audun lokkar på dei.
Nærgåande???
Etter mjelkinga måtte vi jage dei oppatt. Marius studerer nøye alt Audun gjer...
No fær dei!
Sjå då, mamma!
Hadet, møane!
Så gjenstod det berre å late att grinda til neste gong, som sikkert ikkje vert så lenge til.
3 kommentarer:
Som far som sønn? Eine bilde der begge står å venta på kyrne va koslig å sjå.. :)
Ja, dei va bra prima. Marius prøvde å halde hendene opp te monne sånn som han Audun også når dei skolle lokke på kyrne. Sprikande fingra og lobne hender...E so søtt!!
Hei Audun!
Det er eit flott stølsområde du har i Kvistaddalen. Hugsa me var oppe der for eit par år sidan..Ein kammerat og eg var innom Annemor i ettermiddag og fekk kaffi mm.Ho ville me skulle ta turen oppom deg, men det var for seint på dagen. Vil ha bedre tid. Har lyst på ein tur oppatt på stølen..
Legg inn en kommentar