måndag, juli 05, 2010

Nydeleg dag ved Bjørdalsvatnet, og litt reklame for Nilsbuda.

Tradisjon tru vart det arrangert familiedag ved Bjørdalsvatnet på søndag. Der går vi rundt vatnet og svarar på spørsmål som vi får utdelt ved start. Det er som regel litt spørsmål om natur og diverse, og så er det nokre tippe-oppgåver, som f.eks å tippe kor mange steinar det er i eit utstilt glas, kor mange kilo grisen veg osv.
For ungane er dette ein super tur. Der er fint å trille med vogn, og det er akkurat passe langt til små føter, og akkurat passe med bakkar. I tillegg har vi stoppepause i enden, der det vert delt ut drikke, og det er mulig å grille for dei som vil.
Marius sov første delen av turen, og brukte litt tid på å vakne...
Marius og Mathilde studerar grisen som vi skulle tippe vekta på.

Ein mann hadde med seg bier også, og vi fekk lære mykje om korleis dei bur inne i denne boksa. Marius og Mathilde vart veldig fascinerte.

Etter turen rundt vatnet kjøpte vi oss rjømegraut og kosa oss. Det var så mykje folk der at mange måtte stå og ete. Men det seier vel mest om kor vellukka dette arrangementet er. Eit kjempeflott tiltak, synest vi.
Vi reiste til Sæbø ein tur etterpå og tok turen innom Nilsbuda.
For dei som lurer på kva det er, så kan ein finne dei på facebook.
Dei skriv dette om butikken:
"Nilsbuda er ein handverks/kunst utsalg i Sæbø sentrum.
Salsutstilling av lokale handverkarar/kunstnarar, Variert utvalg av varer. Eks. maleri, strikkalestar, heimelaga såpe, keramikk og glaskunst."
Der er mykje fint og heimelaga, så det er absolutt verdt å ta turen innom. Dei har ope kvar dag framover.


Ingen kommentarer: