Onsdag var det jonsok og Jo-Martin sin 8-årsdag. Vi feira ilag med dei og fleire naboar til langt på kveld. Veiret var faktisk ikkje så verst, så vi sat ute og grilla i hagen til kl var over 22.00. Endeleg litt sommar!
Solstrålen vår sat i vogna og "las" bok og kosa seg.
Fotoshoot....Litt inspirert av fotokurset eg går på, måtte eg eksperimentere litt med kameraet. Kjekt når "offera" likar å bli tatt bilete av...:-)
Litt tankefull.
Blidingen vår, kosar seg når han får vere i Holane og leike seg.
Bursdagsbarnet Jo-Martin og Andreas.
Sprudlar av energi denne guten. Ikkje lett å knipse av han, for det er ikkje lenge han står stille.
Litt av grillgjengen.
Ungane kosar seg med is på trampolina.
Vi hadde ein utruleg kjekk dag, og set så utruleg stor pris på at vi kan samlast slik.
Tenk at vi har så gode vener og naboar rundt oss.
1 kommentar:
Kor fantastisk å bu så nært vener!! Ser at det såg artig ut. Veldig fine bilete, ser at du har det kjekt med fotokurset ;)
Legg inn en kommentar