Denne dagen var det strålande finf vertfall, og vi fekk ha sommarfesten utendørs.
Først var det litt song frå ungane ilag med dei tilsette. Kjekt å få høyre litt av kva dei syng i barnehagen.
Vi stilte bra mannsterke opp denne dagen. Her reiar Kristian attmed Marius.
I tillegg var besta, besten, farmor og Petra (venninne av farmor) med oss på sommarfest.
Besta får ein rundtur i barnehagen. Marius har mykje han vil vise fram.
Godt å endeleg få ha på litt sommarklede. Mariell kosa seg i varmen, men skulle helst ha vore ned på asfalten og smakt på alle dei fine steinane som ligg der. Alt må smakast på!
Ein fin gjeng samla. Janne og John Åge med Henriette, Hallvar, Gunnhild med Peder, Kenneth med Alette,
besta, Audun med Mariell og farmor.
Det var ein kjekk sommarfest, og vår første sommarfest. Fleire vert det nok med åra ja..
Ekstra kjekt var det av vi fekk vere ute.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar