10. juli er det Asbjørg og Asgeir sin store dag, og det nærmar seg fort. Asbjørg har hatt utdrikkingslag med jentegjengen, og i skrivande stund er nok også Asgeir kidnappa for sitt utdrikkingslag idag.
Asbjørg sitt utdrikkingslag hadde vi 12.juni. Ein regntung dag desverre, men vi hadde ein kjekk dag uansett.
Vi starta dagen med frukost på terassen til forlovaren, Tone. Etterpå gjekk vi i tog inn i gågata, for der skulle vere konsert med hornmusikken, og sidan Asbjørg var solist på nokre nummer måtte vi flette det inn i programmet. Med slør og rosa plastikkskjørt fekk bruda spele solonummera sine, før vi marsjerte tilbake til bilane igjen.
Heile "følget" med fana i spissen. "Asbjørg and the funky chicks" fekk mange til å kike litt rart på oss ja..
Etterpå bar det til Leikongeidet der vi fekk prøve leirdueskyting.
Det var noko bruda hadde sansen for, ho som truar med å byrje å jakte på hjort.
Til slutt enda vi opp på ei fin hytte på Budaneset, og der kosa vi oss med musikk, grilling, bading og spel.
I boblebadet utpå natta vart det god stemning. Legg merke til at Asbjørg har på seg skjørtet sitt no også...
Brud og forlovar, to gode venninner;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar