Det har gått ei stund sidan siste innlegg no, og det har hopa seg opp med nytt stoff. Dei siste vekene har vore veldig hektiske, og eg har rett og slett nedprioritert bloggen litt. Godt med ei pause også.
Men det er vel på tide å kome med litt nye bilete og litt oppdateringar.
Sidan sist har dette skjedd:
Janne og John Åge fekk ei nydeleg lita prinsesse 20.mai.Jenta skal heite Henriette, og vi er så heldige at vi skal få vere fadderar.
Asbjørg har feira sine 30 år, og i tillegg hadde vi utdrikkingslag for ho denne helga. Forlovar til Asbjørg er Tone (t.h.) Vi hadde ein kjempekjekk dag med leirdueskyting, grilling og bading i boblebad på Budaneset.
Litt av grunnen til at eg ikkje har lagt inn så mykje på bloggen i det siste er nettopp fordi vi andre jentene har møttest for å planlegge utdrikkingslaget til Asbjørg, men mesteparten av grunnen er denne:
Pappa har fylt 70 år!
Vi har hatt storfeiring av pappa på Legene, og vekene før sat eg og dikta song, laga songhefter og planla gåva som vi skulle gi. (Dagen var 2. juni, og 5. juni hadde vi selskap.)
Gåvene var over middels fantasifulle i dette selskapet, synest eg, og ein stor suksess var gåva som brødrene mine og Mathilde overrekte. Dei hadde ei stor kasse med mange småpakkar, og hadde dikta litt til kvar av pakkane. Mathilde hadde også laga eit "ordførar-kjede" som bestod av 70 "sølvkuler" (alu.folie).
Vi fekk laga til eit skilt som skal henge over inngongspartiet på huset. Der står "Lauvtun", og det er namnet på tomta der. Skiltet har eg ikkje bilete av enno, men skal legge ut etterkvart. Det er alt kome opp på veggen.
Vi er glade og fornøgde for at vi fekk ei flott feiring ilag med pappa, vener, naboar og all slekt som kom på besøk.
Kjekt å kunne feire ein så sprek og flott 70-åring.
Mariell har vorte eit aldri så lite uromoment i huset siste vekene. Ho har plutseleg byrja både å krype og å røyse seg opp, så no er ingenting trygt lenger. Ho kryp overalt, rask med...og ho tek eit fast tak i alt ho når i. Det kan til dømes vere dukar på bordet, håret til Marius, bleien vi akkurat har tatt av, eller fatet med graut. Rask som eit lyn er ho!
Kjekt å sjå at ho utviklar seg, og ho er så kry kvar gong ho får til noko nytt.
Så har eg byrja på fotokurs.
Fotograf Ma held kurs på Sæbø i nokre veker no, og ho er fantastisk dyktig.
Du kan sjå innom bloggen hennar om du klikkar på linken til venstre i blogglista mi.
Så no får vi sjå om eg skjønar meir etterkvart av det småproffe kameraet mitt. Mykje å lære, og det er kjempespennande.
Ho har også ei anna nettside: http://www.magicmoments.no/
Eg har litt meir eg må oppsummere, men rekk ikkje meir i denne omgong, så eg får ta det i neste innlegg.
Då kjem litt om sommarfesten i barnehagen, og litt besøk her og der, tenkte eg.
Ha ein fortsatt fin onsdag, folkens! No står det nok ein liten kar og ventar på å bli henta i barnehagen, så då må eg avslutte her;-)
2 kommentarer:
Så kjekt å "høyre" frå dåkke igjen, og kjekt å høyre at alt e bra :-) Håpe på en Sæbøtur i sommar! Klem
Flott å ha deg tilbake, det gjer godt med bloggeferie (eg ferierar titt ogfte for tida..) Kor mykje kjekt du og dine har opplevd siste tida!! Eg visste ikkje at Ma har fotokurs, då ha eg blitt med! Gleda meg til å treffe deg og Audun til festivitas i helga :) Klem
Legg inn en kommentar