laurdag, juni 26, 2010

Solstrålane mine.

For kvar dag som går så ser vi at Mariell og Marius har meir og meir selskap i kvarandre. Mariell vil gjerne ha akkurat det same som Marius, og vil vere der Marius er. Ho ler stort sett av alt Marius gjer.
For Marius kan det vere litt masete at ho kjem og tek frå han eller øydelegg det han held på med heile tida, men han er veldig tolmodig. Ho er litt stygg til å lugge også, og det er ikkje alltid så lett for Marius å forstå kvifor ho gjer det.
Stort sett har dei det veldig kjekt ilag, og det varmar eit morshjerte;-)

Må også nemne at i det siste har Mariell fått utvida horisontane sine skikkeleg. Ho kryp i reserfart, røyser seg og når tak i det mest utrulege. Ho har mykje lyd også, og sit mykje og "brummar", trallar og seier "dadadada" osv. I tillegg seier ho no "datt", "tott" og "nei-nei". Forstår mykje denne frøkena. Musikk elskar ho, og dansar i veg.

Ingen kommentarer: