tysdag, mai 18, 2010

17. mai


Då var 17. mai over for i år, og Marius har fått vifta med flagg og sprada rundt i bunad heile dagen.
Her på Sæbø startar barnetoget kl 13.00, noko som er godt med tanke på at vi slepp ein så lang dag, og at Audun slepp å stå opp før kl 6 for å rekke å ta fjøsen før vi må fare. Litt stress vart det nok likevel når vi skulle fare, sidan begge ungane søv på den tida. Vi måtte vekke dei for å få i dei litt mat og få på finkleda. Ein søvnrusken Marius skjøna ingenting av kva som skjedde då han sat og åt yoghurt på kjøkkenet nesten i søvne. Men når vi sa at vi skulle gå i tog vart han fort klar. Han har nemleg gått rundt med flagg i fleire dagar og sagt "Hipp hujjjaaa!" Fløyte har han også hatt, men den fekk han ikkje heilt til. Vanskeleg å skjøne at det er lufta han bles inn som skal lage lyden og ikkje han sjølv....
I barnetoget fekk ikkje vi tatt bilete sidan vi gjekk der sjølve. Etterpå åt vi middag på hotellet, og det må seiast at det var ein kjempeflott buffet der med nyyyydeleg mat.
Her er vi i finstasen alle mann. Marius har bunaden som besta strikka i fjor. Den passa fint i år også. Mariell hadde kjolen som eg brukte då eg var på omtrent same alder. Syntest vi måtte stille oss opp å få til eit familiebilete med alle i finstasen sin. Det er trass alt ikkje så ofte vi har på oss bunad. Neste år har kanskje Audun også bunad, for han fekk bunad i 30-årsgåve. Den er ikkje ferdig enno, for dei har det så travelt desse sydamene som syr bunadar. Vanskeleg å få taki nokon i det heile, for dei er ikkje så mange heller. Vi håper vertfall at bunaden vert ferdig til neste 17.mai.

Marius har dilla på ballar, og han henta alle han fann på skuleplassen. Faktisk henta han ein frå ein hage også....
Straffe! Viktig å ta god send!

                    Kvar sin tur til å stå i mål.
Og så er det visst viktig å ramle etterpå....anar ikkje kvar han har det i frå, men...

"En til ball?"   
Legg merke til korleis Marius har hua si...Den skal vere heilt ned i augene, helst så langt nede at han ikkje ser skikkeleg, men må gå med hovudet høgt for å sjå under lua. Merkeleg fyr altså!

Etter middagen på hotellet gjekk vi til skulen for å få med oss underhaldninga der. Den vart innandørs i år grunna regn. Mange flotte talar og fin song og musikk av skuleelevar. For dei minste vart det nok litt lenge å sitte stille, men dei greidde seg fint dei aller fleste, synest eg. Det var ikkje mykje ståk i salen med tanke på kor mange små som sat der. Vi håper at det vert finare veir neste år, så vi kan få vere meir ute vertfall. Marius var så trøtt at det var tett før han sovna frå heile underhaldninga i fanget til besten.
Då programmet var ferdig var vi fint ferdige vi også, og for heimatt for å skifte til noko lettare;-)

3 kommentarer:

Randi sa...

Så flotte dokke var i finstasen! Nydeleg bunaden til Marius, for eit handtverk! Heldige Audun som også snart kan smykke seg med bunadstasen. Ser ut som dokke ha ein kjekke dag! Skulle ynskje barnetoget gjekk litt seinare her også. Dagen er lang og slitsam for dei minste. Men så er det jo ikkje alle som er så små då.. :)

Randi sa...

Må svare på kommentaren din også ;) Skjønne du, for ei ære å få slike gode ord!! Geir takkar og bukkar, kjekt at du likte maten, og ikkje minst at den ga inspirasjon! Det var eigentleg det beste :D So må eg berre seie sjølv takk, du er ein av dei som har inspirert meg mykje til m.o.t. blogging. Det du seier om vår blogg skildrar det eg tenker om din! :) Det er ikkje så godt å vite om ein gjer det bra eller ikkje, så veldig kjekt å høyre at innlegga vert sett pris på :) Håpe dokke har nytt den herlige dagen i dag! Klem!!

Lillabethos sa...

Høres ut som en flott og kjekk
17.mai!! Såå nydelig familiebilde av dere!!! Flotte famlien <3

Marius e no bare helt hærlig i bunaden sin da!!!