tysdag, mai 18, 2010

Ein jubilant.

Før helga var vi i selskap til ein sprek 40-åring. Elisabet, som er kjæresten til Per Helge, hadde feiring med familie heime med seg sjølv. Marius storkosa seg med Kristian og Frank Robin (son til Elisabet).
Ikkje minst kosa han seg med maten. Elisabet serverte ei nydeleg kyllingsuppe/gryte med loff attåt, og Marius elska den. Han trykte likegodt i seg ei stor skål med suppe og 5 (!) loffskiver. Kakene gjekk ned på høgkant dei også. Han er ikkje akkurat ein billig gjest denne karen...


Jubilanten
Marius sit attmed farmor og kosar seg med maten.
Mariell og farmor.
Kristian er sjeldan å sjå utan sykkelen sin. Han skiftar sykkel oftare enn dei fleste, og det er "trø-trial" han syklar på, eller kanskje vi kan sei "triksar med", for dette ikkje akkurat ein sykkel du legg ut på langtur med. Den har ikkje sete eingong. Her står Kristian og hoppar på bakhjulet på sykkelen. Han har utruleg god balanse og kontroll.
 
Kristian ordnar sveisen til Marius. Sjeldan vi ser Kristian smile så breidt som dette, men grunnen er nok at han nettopp har vore og fått tatt av strengen. Kjekt å sjå eit kvitt og flott smil igjen.

Marius får sjå resultatet og godkjenner sveisen. Tøffe karar;-)


Ingen kommentarer: