Konfirmasjonsdagen til Vetle.
Idag starta vi med å fare i kyrkja til kl 10.00.
Prosesjon
Fadderane Anne-Mette og meg ilag med Vetle.
Flott konfirmant. Synd at bakgrunnen ikkje var noko fin her...
Rask til beins. Marius har vorte veldig rask i det siste, og vi hadde full hyre med å springe etter han. Og til meir vi sprang, til kjekkare var det å stikke av så klart!
Mathilde, flott i bunad.
Søskenflokken på tre: Vetle Johan, Mathilde og Eskild.
Etter kyrkja var det middag på Legene, og heile familien var samla. Ein god gjeng!
Marius har kosa seg stort i selskapet. Fekk springe og herje både ut og inne, ete god mat og is. Dagen var komplett, og han var godt sliten då vi kom heim.
Konfirmanten heldt styr på rekneskapet.
Mariell hadde med "stolen" sin, og sprada rundt på golvet ilag med dei andre ungane.
Kjekt med stor boltreplass. Ho forflytta seg fort med stolen sin og plutseleg var ho komen bak kakebordet og drog nesten ned duken. Her må det passast på!
Vi har alt i alt hatt ein kjempeflott dag i lag med konfirmant og familie.
No er det godt å slappe av på sofaen litt, før det er måndag og ny veke.
Ha ein fortsatt fin søndagskveld alle saman!
1 kommentar:
Bra dag i dag! Fine bilder:) Og det var hyggelig å treffe verdens mest smnilande lille pie! :)
Legg inn en kommentar