laurdag, mai 01, 2010

-"Besøke farmor??"

Marius spør om vi kan fare og besøke farmor. Så seier han: -"Klokka seier ding-dong." Dette er noko av høgdepunktet med besøket, nemleg å få høyre klokka på veggen slå. Marius har vore veldig interessert i klokker sidan han var veldig liten. Interessa har dabba litt av no i seinare tid, men det er fortsatt veldig spennande med desse store klokkene som slår kvar heile og halve time. Både farmor og besta og besten har ei slik klokke, og dei vert nøye studert når Marius er på besøk. Og på vegen dit er det klokka han snakkar om.

På besøk med farmor denne veka fekk Marius og Mariell sitte oppi leikekassa. (Og mamsen fekk fare på ei lita handlerunde heilt åleine medan farmor passa...)
Marius er matglad og flink til å ete sjølv. Her er det full konsentrasjon og eit beundrande blikk frå farmor. Kjekt med smikke som samlar opp litt nedfalls også;-) Praktisk...

Ingen kommentarer: