måndag, april 26, 2010

Første tanna til Mariell...

...oppdaga vi på laurdag. Den er så lita at den viser nesten ikkje enno, men den er lett å kjenne. Ser ut som tann nr 2 kjem hakk i hel også.

Ser ikkje ut som det har plaga Mariell noko særleg, men ho bit og tygg på det meste til vanleg, så om ho har gjort meir av det no i det siste er ikkje godt å seie. Sleving har det faktisk vore lite av...synest å huske at det var litt meir sleving med Marius...merkar alt no kor lett det er å gløyme sånne småting.
Trur eg må verte flinkare å skrive ned sånt.

Det vert spennande å sjå framover. Eg synest ansikta til ungane vert så mykje "vaksnare" med ein gong dei får tenner.
Og med kun to tenner nede er dei berre heilt hærlige!!

1 kommentar:

Lillabethos sa...

Mariell e no bare helt nydelig, med eller uten tenner!
Gratulerer i alle fall med første tanna!!