Eg vil prøve å oppsummere litt korleis påska har vore for oss her.
Vi var fram på "Dalen" med besta og besten på palemsøndag, fekk oss middag, kosa oss og slappa av. Det er alltid så godt å kome dit, ungane storkosar seg.
Onsdag var vi inviterte til middag på Ose med Pegge, Kristian og Elisabet. Det var kjempekoseleg, og vi hadde på førehand avtalt at Marius skulle overnatte der. Mariell skulle få sove fram på dalen, så dette vart vår første natt med begge ungane på overnattingsbesøk. Vi nytta sjansen til å få oss ein sosial kveld på ungdomshuset.
Etter ein kjekk kveld og ein litt sløvare morgon enn vanleg var vi veldig klar for å hente ungane igjen og fare i selskap på torsdag. Sofie (Marius sin tremenning) feira 2-årsdagen sin i Porsevegen, og vi fekk vere med å feire. Marius, som har hatt mykje selskap i det siste, var veldig klar over kva det med bursdag gjekk ut på, og var veldig klar for å hjelpe Sofie med pakkane.
Å blåse ut lyset på kaka høyrer med.
Marius fekk låne seg ein hatt, og han vart så stilig der han gjekk med bukseselane sine, og cowboyhatt. Sjølvsagt måtte ho mor fram med kameraet;-)
Laurdag inviterte vi heile familien Dagfinrud på besøk. Mamma, pappa, Kjell Einar, Janne, Vetle, Mathilde, Jan-Olav, Ragnhild, Simon og Daniel kom hit og fekk seg nachos. Det var så kjekt at alle kunne samlast, og endeleg har vi stor nok plass til å invitere alle på ein gong!
Takk for besøket!
Håper lesarane der ute også har hatt ei fin og minnerik påske! No er vi vél tilbake i kvardagen, og det er litt godt det også (etter alle selskapa og all etinga!).
No skal eg ha meg ei runde rundt på alle dei andre bloggane som er fulle av gode påskeminner.
No skal eg ha meg ei runde rundt på alle dei andre bloggane som er fulle av gode påskeminner.
1 kommentar:
Heisann!
Det ser ut som dokke har hatt ei fortreffeli påske:)
nelly-kristin
Legg inn en kommentar