søndag, mars 28, 2010

Mariell er 6 mnd idag.

Tida går så fort...
No er det alt gått 6 mnd sidan Mariell kom til verda, og det har gått så utruleg fort.
Merkeleg å tenkje på at ho alt et graut, middag og kan nesten sitte sjølv...det har gått så fort at eg ikkje har tenkt over det. Med Marius gjekk tida saktare på eit vis, kanskje fordi vi heile tida "venta" på neste nye ting som skulle skje. Medan no, så håper vi nesten at Mariell skal vere lita lengst mogleg. Eg hadde nesten ikkje lyst til å byrje og gi ho graut, for då er vi definitivt ferdig med babystadiet. Men jenta vår elska graut frå nesten første stund, og no et ho store porsjonar både morgon og kveld, samt eit middagsmåltid midt på dag. Det er ikkje så mykje som minner om baby lenger. Kleda veks ho i frå, og er alt oppe i str 74-80....lurer på kvar babyen vår vart av...??
Men det er ein ting som vert meir og meir tydeleg, og det er kontakta mellom Marius og Mariell. Dei har mykje selskap i kvarandre, og det vert berre meir og meir for kvar dag som går. Marius passar på "systå" si, og Mariell elskar at han er rundt ho.
Om morgonen er det ofte vi sit i godstolen og ser TV eller les bok. Då kosar dei seg ilag.

"Kose pæædd!!" Seier Marius, og det betyr at han vil sitte i stolen og kose seg med pledd. Eit fast rituale før leggetid, og rett etter at vi har stått opp. Ein liten livsnytar vi har. Mariell er storfornøgd med å få lese i bok attmed storebroren, sjølv om ho kanskje blandar seg litt mykje bort i bladinga til tider...

5 kommentarer:

Livets landeveg sa...

Dei eso hærlige!!

Lillabethos sa...

Først av alt: Gratulerer med 6 mnd dagen, skjønne Mariell!

Jo, tiden går fort Anette! Og jeg kan love deg at den går ikke saktere med tiden heller.....
Jeg merker det fra uke til uke, at jeg har en jente som er på sitt 10`ende år, en gutt som skal begynne på skolen og en trassig toåring som vil gjøre alt selv!
Hadde vi bare kunne stoppe tiden litt....se tilbake og reflektere!!
Istede går det nesten forbi oss, hverdagen "tar sitt" og vi er plutselig gamle.....

Men jeg synes samtidig dere er flinke til å ta vare på øyeblikkene, og ikke minst dokumentere de på bloggen! Jeg tror bloggbøkene kommer til å bety MYE for oss om noen år,når vi innser hvor kort livet egentlig er!

Dere har fått to fantastisk flotte barn, Audun og Anette! Nyt det til fulle:)

Klem

Randi sa...

Gratulerer med halvtårsdagen til Mariell :) Kjenner meg veldig igjen i det du seier om tid og å ha baby lengst mogeleg!!! :) God påske til deg og dine :) klem

Gjengen framma dala sa...

Gratulere me 6 mnd likkjesnuppa!!

He bursdaga neste veke her i huset. Sigrid verte 3 år og Astrid verte 5 år... Berre eitt år igjen so he ej to skuleonga... Tida gjenge veldig fort. Prøva å nyte tida kvar dag, men det går veldig veldig fort.

Men ej he haurt en gong ei dame so sa; ej forstår koffør ongane skal flytte ut når dei verte 20 år...

Ej he faktisk tenkt litt siste tida, Mary Ann blir 10 i år, teknisk sett kan ej faktisk verte bestemor om 5-10 år!!! Ikkje det at ej skal oppmuntre til det also!!! På longt nær!!!! Men det va en tanke so slo mej her en dag... Kjende rynkene kor dei seig på......Men for all del, håpe jentene teke sej god tida, teke utdanning og fe sej en god jobb før den tid.

Anonym sa...

søtt med småtjukke babyar