onsdag, mars 03, 2010

Mildvêr i vente?

Etter 3 månadar med "skikkeleg" vinter, må eg no innrømme at eg lengtar etter våren. Eg er av typen som synest det heller kan vere kaldt og stabilt om vinteren enn skiftande regn og snø (=slaps). At det har vore så kaldt så lenge no er ein type vinter eg ikkje kan huske å ha opplevd før. Ei stund var det kjekt at snøen som kom vart liggande, i staden for å regne vekk slik vi er vande med at den gjer. Og ei stund var det også spennande at det var kaldt så lenge. Men no er det ikkje så spennande lenger. Vatnet rundt om frys, heldigvis ikkje med oss, men det er vel berre snakk om tid før det skjer her også. Eg er lei av å fyre, for no har eg ikkje gjort anna siste vekene. Varmepumpa klarer ikkje meir, og taket på løde og garasje klappar vel snart i hop også. Heldigvis har vi fått ned ein god del snø, får håpe det held....
Det er fortsatt kaldt, men no er det heldigvis mest mellom 0 og -5 grader, og ikkje mellom -10 og -20 grader. Det er råd å vere ute i meir enn ti minutt utan å fryse forderva. Endeleg kan ungane i barnehagen få leike i snøen og ake i bakkane. Endleg kan vi gå ut utan å pakke oss inne i ti lag med klede.
No ser eg på yr.no at det skal verte mildare utover i veka, og at det skal regne. Skal tru om det er våren som er på veg? Eg ser ikkje akkurat fram til at det skal kome regn i all denne snøen, men det må vel berre til dersom våren skal få sleppe til.
Så velkommen sørpe, velkommen striregn og kuling! No er vi klare for mildare vêr!!

Her er eg og Marius på Bondalseidet i helga. Spørs om dei fine forholda vert øydelagde no når regnet kjem.
Marius syntest han var fin med solbriller på;-)
Klar for aketur!

3 kommentarer:

Solveig sa...

HEILT ENIG, ANETTE! Skulle so veldig gjerne fått kjent asfalt under føtene når ej e ute og gjeng. Ser heller ikkje fram til slaps og sørpe, men det kan tølast om en veit at våren kjem!

Anonym sa...

Sit ungen i framsetet???!!

Dagfinrud Moe sa...

Anonym: Ja, det gjer han. Der er ikkje airbag, så det er like forsvarleg som å sitte i baksetet:-)