søndag, mars 07, 2010

Marius 2 år!

Idag skal vi feire 2-åringen vår, Marius. Han har bursdag imorgon, 8. mars, men vi skal ha familieselskap idag. Marius forstår vel ikkje heilt kva han har i vente, men det er ein ting han har fått med seg, og det er at han skal få blåse ut lysa på kaka. Det var noko av det første han sa i dag då han stod opp.
Elles har han alt fått opna den første pakken. Den var frå oss, og vi tenkte det var lurt at ikkje alle pakkane kom på ein gong, samtidig så har han litt å styre med medan vi ventar på gjestane.
Etter litt fram og tilbake enda vi opp med å kjøpe han ei dokke til bursdag. Kanskje litt rart at ein gut får seg dokke, men eg har sett både på besøk med andre og i barnehagen at han likar å styre med dokke, og ikkje minst har vi sett her heime at han er veldig flink til å styre med Mariell.
Han vart veldig fornøgd med første pakken, og sit i skrivande stund og syng "Blåmann, Blåmann, bukken min" til babyen som ligg i vogga og skal sove. "Hysj", kviskrar han til meg, så babyen ikkje skal vakne.
Før babyen la seg fekk han seg graut, sat på potte, og fekk flaske og smokk. Her er det ein kar som har sett korleis det skal gjerast tydelegvis. Det er artig å sjå kor mykje han har plukka opp av det vi styrer med i det daglege.

No står det att for meg å snekre i hop nokre pizza'er og ein dessert til gjestane kjem, så er vi klar til å feire storeguten vår.

(I går prøvde eg meg på å lage ei kake forma som ein bil, men eg er desverre redd den vart så stygg at den ikkje festa seg på filmen, så eg får ikkje vist fram kunstverket her....deter ikkje akkurat mitt største talent dette med kaker, men vi får sjå om det går betre neste gong...)

Imorgon skal vi feire meir bursdag med nokre av vennane til Marius, så då vert det skikkeleg barneselskap i huset her. Det gler vi oss veldig til!

4 kommentarer:

Solveig sa...

GRATULERER MED DAGEN, MARIUS! Håpe feringa i går va vellykka, og at selskapet i dag bli kjekt :-)
En stor og flink gut. Tydelig en so kan å vise empati når han passa so godt på både søsta og dokka :-) Klem

Lillabethos sa...

Og gjett om vi gleder oss til selskap da!!!!!!!!!!!!

Randi sa...

Gratulerer med dagen til Marius! :D Likte godt dokkegava, ein flott måte å danne/bruke empati også, han virka til å ha mykje av den slags. Så fint de skreiv i avisa også, forresten :) klem

Åse-Lill og Runar sa...

Hipp, hipp HURRA for Marius i morga!! :)