Marius fekk så mange fine presangar, den eine finare enn den andre.
Han fekk bl a fargeblyantar og teikneblokk, lestar, legofly, genser, bukse, body'ar, lue, tøfler, Brannmann Sam-film, Fisher Price-klokke (leike), leikeservise og leikebilar.
Alle ungane styrte på og leika seg, og det var ikkje fritt for at nokon av oss vaksne også måtte prøve litt....Det gjekk ikkje lenge før det var nokre gode og raude kinn rundt om...
Mariell var litt forfjamsa over alle gjestane og alt bråket som vart, men syntest det var veldig kjekt når nokon prata med ho.
Her er det Mathilde som seier "tittei".
Så var det tid for å blåse ut lysa på kaka. Det hadde vi tjuvtrena på litt, så det klarte Marius fint.
Tusen takk, alle saman, for at dokke kom og laga dagen til Marius så fin. Det var ein blid og ganske sliten gut som sovna godt i senga si til kvelden. Han har hatt ein super dag. Takk for alle fine gåvene.
Idag ventar nye gjestar og meir mat, så vi gler oss til selskapet startar!
Gratulerer med dagen din idag, Marius vår!
Og gratulerer til alle kvinner også, for det er trass alt kvinnedagen idag.
1 kommentar:
For ein kjekk gut dokke he :-) Gratulere så masse med overstått 2års dag til Marius!! Ser ut til at han har fått den beste bursdagsfeiringa som var mulig - du er flinke Anette ^^, Klem Wenche
Legg inn en kommentar