Hallvar, Brage og Marius i leik på golvet.
Brage helsar på Mariell, og synest det er stas med baby. Skal tru om han forstår at han snart skal verte storebror og få ein liten baby i huset sjølv snart?
I denne alderen skjer det så mykje, og det var artig å sjå korleis desse små kroppane prøver å gjere seg forstått, kor mykje dei skjønar, og kor dei kopierer kvarandre. Nokre pratar mykje, nokre mindre, og med berre rundt 2 års fartstid på denne kloda har dei fått med seg så utruleg mykje kunnskap, og har sin heilt særeigne måte å formidle det på. Det er så utruleg å få vere med å oppleve det, men samstundes så vemodig at denne tida går så fort.
Klarer ikkje heilt å henge med i svingane...."Slipping through my fingers".....
Legg ved ein snutt av "Mamma Mia"-versjonen av denne ABBA-songen, som eg synest beskriv dette så fint.
Takk for dagen idag, damer! Håper det ikkje vert så lenge til neste gong vi møtast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar