torsdag, mars 25, 2010

Kva skjer??

No er det ei stund sidan forige innlegg. Vi hadde ei intensiv veke med mykje selskap og feiring av Marius. Den veka var berre heilt fantastisk. Marius kosa seg så inderleg, og vi også. Litt travelt er det sjølvsagt med så mykje selskap, men så er det så kjekt også.
Det fekk likevel ein litt brå slutt laurdagen, då Marius plutseleg fekk spysjuka. Det er første gongen han har hatt det, så det var nytt for oss. Ikkje kjekt å sjå kor vondt han hadde det ei stund. Heldigvis gjekk det nokså greitt og fort over det med spyinga, men han hadde ein trasig diaré som varte heilt til torsdagen. Veka gjekk med til bleieskift, klesvask og "Brannmann Sam". Med det same magen kom i orden igjen byrja Marius å kvikne til att også, og det var godt å sjå det gode smilet igjen, og høyre latteren som nesten fungerer som vitamininnsprøyting for oss. Med skjelvande kne prøvde han seg forsiktig ut på golvet for å leike, og snart var alt tilbake til det normale igjen.
Denne gongen var vi heldige, og klarte å gå klar sjuka. Godt at Mariell som er så lita enno slapp unna vertfall.

Midt opp i det heile har eg byrja på noko litt uvanleg til meg å vere....Eg har fått så lyst til å lære å strikke!
Eg har aldri hatt ro i "raua" til å sitte med handarbeid. Mange gongar har eg starta på prosjekt, men sjeldan fullført dei...No får vi sjå om eg klarer å fullføre det denne gongen då. Eg har nemleg byrja på ein køyredress til Mariell. Forhåpentlegvis vert den ferdig før den er for liten....
Det er altså litt av forklaringa på denne lange bloggpausa. Når kvelden kjem, og ungane søv, sit mor med strikket i fanget, istaden for laptop'en...

Mariell har fått seg ein flott stol/bil med farmor, og er heilt i hundre når ho får kome opp frå golvet og sjå verda frå ein annan vinkel.

Aller sværast er det kanskje at Marius er minst like interessert i denne stolen, og han tøysar og tullar så dei klukkler begge to.

Blid og fornøgd!

Det er kjekt å sjå at dei har byrja å få litt selskap i kvarandre alt. Her har vi nettopp stått opp, begge i nattdress og ganske i ørska endå. Marius les Postmann Pat for Mariell.









Idag har vi kosa oss og baka ein haug med skillingsbollar og pizzasnurrar, trilla tur ute i det vårlege véret, rydda og vaska bil og sykla på trehjulssykkel. Endeleg ser det ut som det går mot vår, og endeleg kan vi vere ute i plussgrader!!
Godguten <3

2 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Å kor kjekt å vere ute i vårdress!! E so deili å sjå at det verte større berre flekka rundt om kring. Tenkje d du verte bitt av strikkebasillen ej no!! Viktigaste e å ikkje gi opp, ej he bjønt på OL-genser til mej sjøl...skal tru om han verte ferdi til påske neste år??? ;-)

No he d also ikkje oppdatert seg på bloggen min....va gamle innlegge so viste enda. forste ikkje ka so e gale. synst alt henge...

Dagfinrud Moe sa...

Skikkele godt me vår ute no ja.
Måtte nesten legge ut litt om strikkinga mi me, so ej he litt press på mej...he vorte litt hekta, so fe håpe d helde sej sånn ei stond.
Broka av og til å henge litt når en he lagt ut nye innlegg, men ser at d e i orden no vertfall...
Påskeferie no då, eller ska du jobbe nåke i påska?