onsdag, mars 10, 2010

Barneselskapet

Mandag hadde Marius barneselskap. Vi var ikkje så mange, men hadde det veldig kjekt. Desse to dagane med selskap har Marius kosa seg nesten glugg i hjel. Han elskar å ha besøk, og var så sliten når kvelden kom at han var nesten heilt i koma.
Her leikar dei med togbane: Marius, Marken og Tilda.

Tiril var også med, og ho var så flink til å styre med Mariell. Mariell kosa seg skikkeleg med så mykje oppmerksomheit.





Tid for mat. Kaker må ein ha i selskap, og Marius fekk blåse ut lysa på kaka endå ein gong.
Marion passa Mariell litt og Marken forsynte seg med kaker. Trur gelé var ein stor favoritt.










Trur ikkje det er nødvendig å seie så mykje om kva som var favoritten her..
Så leitte vi fram tunellen som Marius fekk, og det var stor stas.
Marken forsvann inn i tunellen fort som eit lyn!
Sprrrriiiiiiiing!
Prøvde så godt eg kunne å få eit skikkeleg bursdagsbilete av Marius denne dagen, men det var jammen ikkje enkelt når han ikkje stod i ro eit einaste sekund omtrent. Dette var vel det beste, trur eg...
Tusen takk for at de kom i selskapet til Marius, og takk for gåver. Det var ein kjempekjekk dag!


1 kommentar:

Lillabethos sa...

Vi hadde det kjempekjekt og koste og glugg ihjel! Tusen hjertelig takk for at vi fikk komme i selskapet ditt Marius!!!! Vi er kjempeglad i dere !!