torsdag, februar 25, 2010

Ny, gammal trapp...

I gangen som vi har pussa opp no i det siste, har vi mala trappa også, og det siste vi har gjort for å fornye trappa litt, er å legge laminatgolv i trinna. Der har tidlegare vore belegg, og no har vi lagt same sort golv som i gangen på loftet. Er ikkje så mykje igjen før det er ferdig, og det er for det meste pappa som har pusla med det. Vi limer fast laminaten med noko sikaflex-liknande stoff, som heiter Tec-7, og det ser ut til å fungere veldig bra. Pappa var ekstra fornøgd med at det var så lett å vaske vekk, så det kan absolutt anbefalast. Viser eit bilete av trappa når vi er nesten ferdige. (Sekkane står der for å legge press på laminaten etter at vi har limt den fast.) Skal legge ut eit bilete av det ferdige resultatet om ikkje lenge;-)
Trur resultatet vert bra!
Set også på ny eikelist i fronten av trinna. No står det att litt fuging, før det er heilt ferdig.

Ingen kommentarer: