måndag, februar 15, 2010

Marius og Mariell, syster og bror.

Sidan Mariell kom til verda har vi vore veldig spente på korleis Marius ville reagere, om han ville verte sjalu, og om han kom til å vere snill eller stygg med veslesyster si.
I starten trur eg ikkje han forstod så veldig mykje av denne vesle sovande bylten som skulle vere med oss overalt. Etterkvart har han vel berre innsett at der han er, er ho også. Og han passar på. Han er verkeleg storebror med stor "S". Han deler ut klemmar, og klappar fint og lett med handa si, ser til at smokken er på plass, og seier "tittei" for å få ho til å smile. I tillegg kan han vere til hjelp når eg spør om han kan hente bleie, kaste bleie i bosset osv. I det stor og heile har Marius vore ein fantastisk snill og flink storebror for Mariell, og Mariell elskar å gurgle med storebroren. Smilet er på plass med ein gong ho ser han, og det er så kjekt å sjå!

Kosestund <3

2 kommentarer:

Åse-Lill og Runar sa...

To herlige ungar! Dokke e heldige so he kvarandre!! :)

Familien Hustadnes Myrhol sa...

So søte da! En tydeli stolte storebror!!! :)