Eg trudde eigentleg først at Marius hadde den 5. barnesjukdommen, sidan han hadde ein del utslett/eksem også, og det var over heile kroppen utanom ansiktet. På legesenteret synest dei derimot ikkje at det var så gale. Eg er ikkje einig i det, så eg skal bestille ein time med fastlegen for å høyre om vi får kome til hudlege på Åse. Måndag kom vi berre til vakthavande sidan vi ringde same dag, og då er det ikkje så lett å få den hjelpa vi har tenkt...men det ordnar seg nok.
Når det vert lange dagar heime er det godt at vi har besteforeldre som stiller opp. Både farmor og Besten har vore her for å avlaste meg, og igår fekk eg til og med gå å legge meg ei stund midt på dag. Luksus for ei mor som er oppe tidleg, (og ikkje har vét til å legge seg om kvelden...) kvar dag.
Elles har det vorte litt mykje jobbing på Audun siste vekene, og det merkast på Marius. Han veit når det nærmar seg middagstid, og spør meg om pappa kjem snart. Han vil ut i gangen for å sjå, og han vil sjå ut glaset for å sjå om han ser bilen. Når pappa'en endeleg kjem inn døra, er det akkurat som han vil "straffe" han litt for at han har vore så lenge vekk, for då kan han vere skikkeleg overlegen ei stund, før han kan prate og gi klem.
Noko anna eg må fortelje om var noko som skjedde igår. Vi hadde ete middag, og Audun skulle til å gå i fjøsen. Vi brukar alltid å seie "hadet" og gi klem. Både Mariell, Marius og eg får klem av Audun før han går. Av og til får eg kyss på kinnet også, for det synest Marius er litt artig.
Etter at alle hadde fått klemmen sin igår, tok Marius ut smokken sin, og kyssa Audun forsiktig på kinnet, og sette inn smokken igjen. Han var heilt alvorleg då han gjorde det, og det var nokre foreldre som vart bra rørte då ja...så sette han seg inntil meg og Mariell og kosa seg ilag med oss. Godingen vår...
Mariell tek ikkje til takke med å berre ligge lenger. Ho vil helst sitte så bratt som råd, og om vi set litt puter rundt ho, kan ho sitte litt sjølv. Det er stas.
Farmor har vore god å ha denne veka, og var her i to dagar og hjalp til. Det var godt for ho mor;-) Mariell kosa seg i fanget her. Sjølv om farmor meiner dei ikkje har kome så godt overens i starten, ser det i vertfall ut til å vere i orden no.
I skrivande stund ligg begge gulla og søv etter ein ganske bra dag, og eg skal snart på klubb med damegjengen. Skal verte godt å kome seg ut av huset ei stund etter ei veke innendørs.
Heldigvis er vi så heldige at vi har familie rundt oss, som stiller opp når skattane våre ikkje er i slag. Besteforeldre er så gode å ha;-)
3 kommentarer:
Ligner veldig på eksemet til minstegutten min. Begge ungene er mye plaget med eksem på vinteren.
Smører og smører, men synes ofte at en krem kan fungere fint i en periode - men så må man bytte til en annen.
Utifrå bilda, so likna det innmari masse på eksem, Anette. Ej va plaga me det sjøl når ej va lita, og det e ikkje godt. He de periodevis enda, og då spesielt på hendene. Viktig å smøre godt med en nøytral fuktigheitskrem innimellom det verste, og gjerne en kortisonkrem når det klø som verst.
et anna godt råd e å unngå ull inn mot huda, mykje som kan rettast berre ved å la vær å bruke det! berre eit tips:)
Legg inn en kommentar