torsdag, februar 11, 2010

Nytenking i heimen - skrive av glupe-Anette.

Eg bakar bollar. Bollane hevar seg og vert store og fine. Eg steikjer dei, og smakar. Mmm, gode bollar.
Storfornøgd og med munnen full av bolle, ser eg bort på oppvasken.
Det er vel berre å starte...hrmf...
Bollen har eg sett i vatn for å løsne den klissete deiga. Om å gjere å skylje så godt som råd...
Likevel ser oppvaskkosten nesten ut som den har vorte utsett for ein krig eller to. Med oppvaskkosten full av klissete deig er det i grunnen fristande å slurve litt med vasken og berre kaste heile bollen i oppvaskmaskina. Har prøvd det før og veit kva som skjer: Deiga sit fast i bollen...
Bollane smaka plutseleg ikkje så godt. Dei får ein bismak her eg står vaskar opp etter bakinga. Mjøl og vatn vert lim, og du, kor eg hatar dette... Dette var forteljinga om ein dag eg baka.
No kjem forteljinga om bakinga idag.

Eg sit her med eit stort glis og bollane smakar hærleg.
No skal de høyre kor det gjekk:

Eg baka i to store baljar idag, ein med fastelavnsbollar og ein med skillingsbollar. Der stod eg  med haugen av bollar, og haugen av oppvask etter endt baking. Eg tenkte og grubla på korleis eg kunne sleppe denne traudige, klissete deiga. Og eg kom faktisk på noko lurt!

Eg lot baljane stå slik at deiga tørka inn, og så brukte eg berre deigskrapa til å skrape ut den harde "limen". Baljane vart nesten heilt reine, og det vart ikkje noko kliss å vaske opp. Eg er superfornøgd,  og bollane smakar godt!
Kanskje berre eg som er litt treig som ikkje har kome på dette før, men STEIK, no vart eg fornøgd med meg sjølv, og gler meg til neste bakerunde :-)

Dette var dagens vasketips...heh?

6 kommentarer:

Birgit sa...

Ser ut til at vi e like glupe!Men at du,utan tvil,er driftigare i bakinga enn meg..;)God helg og morsdag!

Randi sa...

Ikkje verst Anette, dette skal eg ta med meg neste gong eg svettar over vasken og skurar bollen med oppvaskkosten som eg umiddelbart enten kastar eller gir ei god runde i oppvaskmaskina... der eg like godt kunna putta bollen også. Artig med litt husmortrivia (les: desperate husfruer) ;) No må eg vel legge meg, er overtrøtt som fy etter å ha sitte med bordkort ect sidan kl 19.. er visst 6 timar det.. oj. Nattaklem!

Åse-Lill og Runar sa...

Vi e nok like lure... ;)

Dagfinrud Moe sa...

Reknakje me ej va den einaste so he fonne d ut, men ej vart so glade når ej kom på d, so derfor hamna d på bloggen som litt sånn "skryte-ta-mej-sjøl-innlegg"...;-) Hekje vore so voldsomme å bake før, so ej syns d verte bere kjekkare og kjekkare no, te beire ej fe d til. For nokre år sida konne ej no nesten ikkje få ei deig til å heve sej, so ej gjer stadige framskritt, syns ej...jaja, prøving og feiling verte d me alt;-) Og Randi, ej følte mej nok som 1 stk desperat husfrue her ej sto me dinna deiga, men no ska d vertfall verte slutt på d. Lykke til i kirka imårgå, og håpe dagen blir perfekt på alle måta;-) Ska no ne å sjå ja.

Familien Hustadnes Myrhol sa...

Åååå at ej ikkje va inn å las ditta i går! Ej he stått å vaska en slik klissete balje i dag. Alette e sjuke og skulle absolutt
"trykke ut me former" som ho sa. Dvs julemennformer, så no he me prøvd de me... Vart no gode honn :-) sjølv om oppvasken e eit tiltak, spesielt når eg ikkje he vaskemaskin i hus!!! Gleeer mej til å flytte opp i nye huse å berre trykke på en knapp.... :-)

Solveig sa...

Det e so godt når en kjem på sånne lure ting. Her i huset e det bollen med pizzadeig som alltid bruka å stå over natta og tørke inn. Genialt ;-) Ellers e oppvaskmaskina min gode venn, og bollen e stort sett alltid nesten rein etter en vask ;-)