tysdag, februar 09, 2010

Bæsj!

Kva er det som er så fengande med bæsj??
Marius fekk ei bok før jul. Eg tenkte kanskje at den var litt for avansert, sidan der var ein del tekst, og han har for det meste likt dei bøkene som er mest biletbøker, eller har veldig lite tekst, og så har han likt dei som har luker han kan kike bak. Denne boka handla om bæsj, og det har no vore favorittboka til Marius siste vekene. Faktisk har eg no vorte så lei av å lese den, at eg har prøvt å legge den nedst i bunken, gøymt den litt vekk, men då finn han den, eller kjem og spør etter den. Men Marius eeeeelskar den, og han vert skikkeleg frustrert om han ikkje finn den. Får han ikkje lese den før han legg seg er det nesten krise. Trur ikkje eg overdriv om eg seier at eg les den MINST 5 gongar kvar dag...Eg prøvar av og til å foreslå andre bøker, men det er ikkje hjelp i. Det er berre denne boka som tel for tida.
Boka har den hærlege tittelen "Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans."
Vi fekk den med Stig og Marie, Markus og Sindre. (Søskenbarn og tremenningar som bur i Oslo.)
Boka har vorte stor suksess som sagt, og Marius frydar seg for kvar side han ser med ei ny, stor, rue på.
"Akkurat i det Den lille muldvarpen stakk hodet opp av jorda for å se om sola hadde stått opp, skjedde det: Det var rundt og brunt og liknet litt på en pølse - og verst av alt: Det landet rett oppå hodet hans.
-Noe så frekt! Ropte Den lille muldvarpen"


Slik startar boka, og muldvarpen går så rundt og spør alle dyra: "Har du bæsjet på hodet mitt?"

Interessant?
For Marius er det tydeleg det, og aller kjekkast når vi kjem til grisen, som lagar slik lukt at Den lille muldvarpen må halde seg for nasen.

Til slutt er det to fluger som klarer å avsløre skurken, men eg kan vel ikkje røpe korleis boka endar...Marius veit svaret, så det er berre å spørje han...

Takk for boka! Reknar med den var handplukka av ekspertpanelet;-) Og, eg klarer nok å lese den nokre gongar til...hehe..

2 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

Hi, hi, bæsjebøker er alltid suksess! En av favorittene her hjemme og:-)

christina D sa...

hehe! stor favoritt i barnehagen også:P