søndag, februar 14, 2010

Morsdag

Vi har kosa oss heime idag. Sidan Audun er i fjøs om morgonen er det ikkje tema med frukost på senga, sjølv om det nok er mange som forbinder morsdagen med det. Det hadde vore godt med ein slik morgon, men det er heilt greitt slik det var idag også. Marius var med pappa i fjøsen, og då vert morgonen litt rolegare for "ne mor". Eg fekk god tid til å lage litt "skikkeleg" frukost, og lage til litt kos med kakao og fastelavnsbollar. Det var populært, for Marius ropte "boje!!" med det same han kom inn døra. Han har eit enormt høgt energinivå for tida, og det er heilt imponerande kor mykje mat han klarer å få i seg, men det heng vel i hop. Vi kan i vertfal ikkje klage på matlysta her i garden, og bollane gjekk ned på høgkant.
Seinare utpå dagen fekk vi besøk av Kristian og Pegge, og til slutt kom Annemor (farmor) også ein tur, og då vart det meir bollar på bordet. Kjempekjekt med besøk, og for Marius var det heilt topp då han fekk seg ein tur ut attmed Kristian, det store idolet.

Då var morsdagen snart over her i huset, og eg håper at mange mødre rundt om har hatt ein fin og roleg dag ilag med familien. 


Helga er snart over, og det har vore ei helg med mykje som har skjedd.
I går var det bryllaup for Randi (venninne) og Geir, og dei døypte også vesle Edle. Eg var i kyrkja og såg, heilt nydelege var dei.
I går fekk også Britt-Elin og Karl Oskar seg sin etterlengta vesle skatt, ein gut som skal heite Mikal.


Sånn på tampen vil eg spesielt sende ei morsdagshelsing til dei to mødrene våre, Åshild og Annemor, som alltid stiller opp for oss, og er så uendeleg gode å ha. Håper dokke har hatt ein fin morsdag.

Ingen kommentarer: