søndag, februar 07, 2010

Som å køyre gjennom eit maleri..

Å køyre mot Sæbø for å hente Marius i barnehagen er som å vere midt i eit stort bilete, berre at biletet vert ikkje så fint dersom ein prøver å ta bilete av det. Litt innvikla forklart kanskje, men det eg prøvar å få fram er at her er så mange fantastiske motiv. Det er så fint, men så vanskeleg å få fram i eit fotografi. Desse bileta har eg berre tatt gjennom bilruta med mobilen min, så kvaliteten er uansett ikkje bra. Likevel, same kva kvalitet ein har på bileta så trur eg ikkje ein får med alle dei flotte detaljane på slike dagar: Snøen blenkjer og glitrar, frostrøyken som stryk over fjorden, og snøkrystallane som stikk opp av den iskalde puddersnøen. For eit nydeleg vintervér vi har! Litt kaldt einaste, men eg likar det mykje betre slik, enn med sludd, sørpe og regn.
Hustad
Nesten heime...
Ut gjennom stoveglaset. Berre for å bevise kor mykje snø vi har, i tilfelle eg skulle gløyme det. Snøen rekk nesten heilt opp til vinduskarmen, og med snøen som ligg på altanrekkverket er det nesten så vi ikkje ser ut.

1 kommentar:

Åse-Lill og Runar sa...

Trur du må ha ei usedvanlig rein frontrute... for det va utrulig fine bilde!! ;)