Det var vel ikkje noko nytt akkurat.
Det som er nytt er at gangen nede no snart kan kallast ferdig. Det vil seie så ferdig som den vert i denne omgong. Eg har mala panelveggane lyse, og det vart mykje finare enn slik det var. Listene og golvet skal vi ikkje gjere noko med enno, men det kom seg uansett mykje berre med litt maling.
Etterkvart vert listene også lyse, og golvet vert annleis.
Fredag var eg og mamma på handel i Ørsta for å finne kommode og forskjellig til gangen. Kommode fann eg til slutt på Møbelringen. Eit flatpakka beist, som det tok mange timar å sette i hop, men den vart flott til slutt. Kjøpte også teppe, ei lita skohylle og ei anna hylle som eg sette små korger på. Her er nokre "før"- og "etter"-bilete.
Litt dårleg kvalitet her også, sidan eg har tatt bilete med mobilen, men eg skal ta litt betre bilete etterkvart.





2 kommentarer:
Kor fint det vart!!! Kjempefint rekkverk på trappa! Må snart ha mej en tur bort å sjå både dokke og oppussinga:)
dokke e flinke, blir kjempe fint ;)
Invitera oss sjøl på besøk om ikkje lenge ;)
Legg inn en kommentar