Pappa er flittig å arbeide på loftet, og Marius vil veldig gjerne hjelpe til.
Mykje spennande verktøy å låne, og mykje maskiner som lagar høge lydar, ikkje anna å vente at Marius vil vere med på laget. Her får Besten hjelp med å bore hol med drillen. Marius legg seg ned på golvet slik som Besten gjer, og hermar etter alt han seier og gjer.
Gode karar!
Siste dagane har vi hatt ned snøen på både løde og garasje, for at ikkje det skal gå gale. Med godt over 1 meter med snø er det nokre kilo oppå taka. Når det etterkvart kjem mildvér og regn også, så vil det verte endå tyngre, så no var det berre å sette igong.
God trim!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar