måndag, februar 08, 2010

3 kolonner - og gode tips!

Etter litt meir "bloggmekking" idag, har eg fått laga til slik at det er 3 kolonner. Vart litt betre plass til tekst og bilete slik, så no vert det kanskje litt enklare å lage innlegg, trur eg.

Tenkte kanskje nokon er interessert i å vite korleis ein gjer det, og då er det kjekt å ha andre bloggarar som legg ut "oppskrifta".
Eg fann framgongsmåten på denne sida, http://moseplassen.com/, etter ein kommentar frå Ofelia på bloggen min.
Takk for tipset, Ofelia!

Dersom du leitar under "bloggtips" i menyen til venstre på denne bloggen, http://www.joridkvam.com/, får du opp mange fleire gode tips til korleis du kan "pynte" bloggen din.

2 kommentarer:

Randi sa...

Takk for at du deler :) Vert berre finare og finare! Skal også prøve meg litt meir fram. Etter helga. Etter helga skal eg gjere så mangt... :) Ønska deg og dine ei god veke! Klem

Anne (Moseplassen) sa...

Gratulerer med tre kolonner, og hyggelig å høre at du fikk til å følge tre-kolonnesforklaringa mi :)
Takk for at du anbefaler oppskriften videre, det er jo den aller beste heder man kan få i bloggverdenen :D