måndag, april 26, 2010

Vi fekk så kjekt besøk.

Fredag fekk vi besøk av to unge jenter og ein herremann på sykkel: Mathilde, Amina og Ilias.
Dei kom for å besøke Marius og Mariell, og gjett om det var stas!! Vi leika og styrte på og hadde det kjempekjekt. Marius sovna som ein stein om kvelden, heilt utsliten, og har snakka mykje om besøket etterpå.
Mathilde og Amina er to av elevane i klassa som eg har hatt på Åmås sidan dei var 1.klassingar. I år er dei 5. klassingar, og til hausten er eg så heldig at eg får ha klassa "mi" igjen. (Ilias er broren til Amina, og går i 3. klasse.)
Kos...
Tusen takk for besøket!

Ingen kommentarer: