tysdag, april 20, 2010

Kong Vinter...

Langt ut i april, og med våren fint i anmarsj, fekk vi ei skikkeleg "ride" igjen. Dei som har greie på det veit vel om det var "erleride" eller ei anna ride. Eg håpar uansett at dette var den siste for i år. Det var ikkje reint lite som skulle kome heller, og med skikkeleg vind i tillegg, vart det veldig utriveleg ei stund.
I går var det fridag frå barnehagen, og eg og Marius måtte ut for første gong sidan fredag. Det vart etterkvart flott vér, og vi fekk trilla ein tur bortover vegen for å kaste stein i småbekkane, og så laga vi snømann og snøhest/isbjørn ute i hagen. Ikkje mykje som minner om april, men eg kan opplyse om at allereie i dag er mykje av snøen alt vekk igjen.
 
Idag skin sola ute også, så no er det berre å håpe på god snøsmelting!

3 kommentarer:

Solveig sa...

For en HERLIG gut da. Skikkelig bli-godt-humør ansikt :-)

Lillabethos sa...

Marius er og blir en smilendes og blid gutt! Det er alltid like hærlig å se bilder av han:)

Dagfinrud Moe sa...

Takk, ja, han e so gode og blide. En skikkeleg gledesspredar;-)