Marius er så glad i dyr, og veldig uredd også (enno), så no i lammingstida nyttar vi høve til å få besøke nokre av lamma vi er så heldige å ha rundt oss her. Oddhild vart veldig glad for å få besøk i fjøsen, og Marius var ivrig etter å klappe dei søte, små lamma. Artig å sjå kor fort dei veks. Snart skal dei ut på markane å springe, og dei er plutseleg ikkje så små lenger då...
Takk for at vi fekk kome på besøk, Oddhild!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar