Har litt ymse bilete å vise frå siste vekene, så her kjem litt i random rekkefølge.
Frøkena vår har vorte veldig glad i å lese i det siste, og kjem tidt og ofte tassande med ei bok, og kravlar opp i fanget vårt. Synest det er kjekt, sidan ho ikkje har hatt så mykje ro i raua til no. Men no er det plutseleg greitt å sitje i fanget og slappe av litt. Kos!
Å leike med dokka har også vore veldig svært i det siste, og klemmar vert delt ut heile tida. Så artig å fylgje med på! Interessa for dokker og bamsar har vi sett sidan Mariell var veldig lita, og det vert berre meir og meir tydeleg.
På basar. Alltid kjekt å finne andre ungar. Klem!
Dei var så artige, Mariell og Signe.
Litt danseoppvising.
Og til slutt vart vi dei heldige vinnarane av ein kjempefin og stor bamseponni som både Marius og Mariell hadde gått og kika på på premiebordet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar