Tur på Helgehornet i fint vêr. Asbjørg og Maria var turfølge.
Her ser vi Asbjørg i nydeleg haustnatur med Ørsta i bakgrunnen.
Her ser vi Asbjørg i nydeleg haustnatur med Ørsta i bakgrunnen.
Klatring i bratt terreng. Marius gjekk litt tom for "bensin" etterkvart, men var flink med tanke på kor bratt det var og at han berre sov 5 min denne dagen. Han som brukar å sove i 2 timar...
Mariell likte seg ikkje så godt i bæremeisa i starten denne gongen heller, men det kom seg etterkvart. Godt eg hadde gode hjelparar med meg. Minte meg på at eg ikkje skal fare på fjelltur med begge to åleine vertfall...
På veg nedatt vart det mykje knall og fall på Marius, og det var tydeleg at konsentrasjonen og energien minka. Heldigvis er Marius ein hardhaus som ikkje skrik ofte, men til slutt vart det nok for han også, og då var skuldrane til Asbjørg gode å ha.
Nytt glis på tunet...for ei lita stund vertfall.
Jan-Olav kom ein dag for å briefe litt med ein bil han lånte av firmaet sitt, Atea. Ein lotus 7 caterham (kopi).
Litt artig at vi måtte knappe opp dørene.
Jan-Olav og Audun klare for ein prøvetur.
Eg og Marius måtte prøvesitte litt. For å kome seg inni førarsetet måtte vi ta av rattet også...
Juhuuu...
Og her er det faktisk eg som køyrer. Syntest ikkje eg kunne gi meg når eg først hadde sett meg inni. Men det må vel nemnast at det vart berre ein liten sving oppå marka.
Bilen skulle til Ålesund vidare på turné med firmaet, så det vart berre ein lynvisitt her, men for ein
stilig og snerten bil! Trur det vakna ein liten formel-1-køyrar i Audun med det same han sette seg inni.
2 kommentarer:
Kjekkt å kike innom bloggen din, Anette:) Klem frå oss:)
Nei så kjekt å få se igjen litt fra Helgehornet! Det var det første fjellet jeg var oppe på på Sunnmøre, veldig trivelig liten tur :) Ikke akkurat tindbestigelse, men utsikten er jo spektakulær uansett :D
Legg inn en kommentar