Eg nærmar meg med stormskritt dei gyldne 30-åra, og alt på onsdag seier datoen at eg er 30.
Sidan det dette året har vore ganske mange 30-årslag for vår del, og også for mange i vår "gjeng", vil eg utsette feiringa av dagen min i nokre veker, for å fordele det litt utover.
Tenkte då å ha litt mat for familie og vener, så etterkvart fest utpå kvelden når ungane har lagt seg.
Akkurat no er både far i huset og ungane litt småpjuskete, og selskap midt i veka er uansett litt stress for dei fleste, så då berre tek vi alt i ein smekk når vi først feirar. Det er tanken ivertfall.
Dagen eg har peika meg ut er laurdag 27. november.
Håper dette er ein dag som kan passe, så skal eg sende ut litt meir detaljert invitasjon til gjestane etterkvart.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar