onsdag, november 10, 2010

Ei helg i Oslo..

I helga har eg, Audun og Marius vore i Tigerstaden. Mariell var heime med mamma og pappa, for vi skulle på kontroll på Ullevål med Marius. Han har sidan han var fødd hatt ein tett tårekanal, og etter at vi gjorde eit forsøk i Ålesund på å få fiksa det, vart han henvist til Ullevål. Kontrollen her fortalde oss at vi skal tilbake om ca 6 mnd for å prøve å utvide tårekanalen som går ned til nasa for å sjå om det vil hjelpe.
Sjølv om timen på sjukehuset var på måndag, reiste vi nedover på laurdagen for å få litt tid til å sjå oss rundt når vi først var i Oslo.


Her er vi på veg til Aker Brygge. Marius ropar "stopp" til alle måsane, og synest det er litt vanskeleg å få tak i dei...(Heldigvis...)
 Aker Brygge i skikkeleg lavt motlys. Sola varma, men det var skikkeleg kaldt i skuggen, så vi måtte kle oss godt.
 Lita pause på ein benk medan vi venta på søskenbarnet til Audun med familie.
 Traska oss ein tur opp Frognerparken og "helste" på Sinnataggen.
Marius vinkar til mamma frå Monolitten.
Marius sprang og sprang heile vegen opp og ned Frognerparken. Vi hadde full hyre med å passe på kvar han var.
I ein leikepark fekk han tøme ut det siste han hadde av energi. Der var mykje artige sklier og klatreveggar osv. Eine klatreveggen var veldig populær blant dei små borna, og eg vart igrunnen veldig imponert over kor flinke dei var til å vente på tur, små knøtta. Stilig...
Etter at vi hadde leika ei stund, vart vi med opp til søskenbarnet til Audun, der vi fekk pizza og kaker, og ungane fekk leike seg. Marius storkosa seg, og ville slett ikkje at vi skulle fare. Men han var så trøtt som ein dupp.....
Når vi kom tilbake på hotellrommet la Marius seg rett på senga, heilt gåen, men passa på å ha skoa utanfor, slik som eg hadde gjort tidlegare på dagen då eg ikkje gadd å ta av meg støvlettane....beina i kryss og greier...hehe, for ein skrue. Legg merke til alt slag...
Bortsett frå at vi var litt småsjuke og forkjøla heile gjengen var det fint å ha ei helg ilag i Oslo, og få kike seg litt rundt. Det er trass alt ikkje så ofte det skjer.

Til slutt må eg få føye til ein liten link eller to....Tysdag på jobben fekk vi besøk av eliteseriespelar på Aafk, Jonathan Parr. Du kan lese om det på framsida av Sunnmørsposten idag, eller her: http://fotball.smp.no/eliteserien/article185408.ece 
Asbjørg har også laga eit innlegg om dette:

1 kommentar:

Randi sa...

Ser ut som ein artig tur! Veldig fin MAriusgensar :)