Siste vekene har vi vore mykje sjuke også. Vi har hatt sår hals og hoste i vekesvis, og det er vi vaksne som har hatt det lengst faktisk. Førre helg fekk også Marius spysjuka, og etter 3 dagar fekk Mariell og Audun det også. Eg frykta at heile 30-årsfeiringa skulle gå i vasken, men heldigvis så var dette ein "mild" sort, og ungane kom seg til att veldig fort.
Førre helg var eg også på kurs i Oslo ilag med kollegaer. Eg reiste ilag med Susanne, og vi kosa oss skikkeleg torsdagskvelden med besøk på Latter for å sjå Dagfinn Lyngbø, Anne-Kath. Hærland, Are Kalvø og Nils Ingvar Ådne. I tillegg møtte vi på nokre av x-faktor-deltakarane på Egon restaurant då vi skulle ete middag. Susanne sikra både bildebevis og autograf (av Mo) til gutane heime. Mo var veldig blid og hyggeleg, og han lo den rare latteren sin og fortalde at han var veldig nervøs for morgondagen...Hehe, litt stas, vi følte vi var nokre skikkelege fjortisar der vi sat... :-)
Onsdag veka etter var eg og Susanne på tur igjen, til Molde på kurs. Eit årleg kurs i noko som heiter "Kor Arti'", der vi får lære 16-18 songar, laga for bruk i skulen. Eit kjempeartig og veldig inspirerande kurs som mange fleire burde reise på.
Laurdagen og 30-årsfeiringa gjekk som planlagt, med godt og vél over 60 gjestar, og det vart ein kjempekjekk dag for oss. Ungane storkosa seg, maten var god, og eg trur gjestane også kosa seg.
Vi fekk, som vanleg, veldig god middag frå Mega, og takka vere gode vener og familie som tok med seg kaker, vart det litt av eit dessertbord også. Vi hadde det heilt hivens!!
Tenkte eg kunne ta med nokre bilete frå dagen til slutt her. Fekk ikkje tid til å ta så mange, men nokre få vart det...
Kollegabordet.
Marius og Alette storkosa seg ilag...
Og det gjorde Signe og Mariell også.
Kakebordet;-)
Mette og fornøgde :-)
Ablegøyer utpå kvelden. Stolleiken med ein liten vri.
Konkurranseinstinktet var på topp ivertfall.Tusen takk til alle gjestane som var med på å lage dette til ein kjempefin dag/kveld!!
I morgon reiser faktisk Marius og Audun til Oslo igjen for å prøve å utvide/åpne tårekanalen på nytt. Etter førre besøk vart vi førespegla ei innkalling om ca 6 mnd, men vi fekk innkalling alt no, så på torsdag skjer det. Vi kryssar fingrane og håper dei klarer å fikse tårekanalen til Marius, så han slepp å plagast meir.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar