onsdag, desember 22, 2010

Travel førjulstid, men no er målet i sikte!

Heile desember har gått som ein vind. Som vanleg trudde eg at eg skulle rekke så mykje i desember, men eg har knapt nok fått gjort noko som helst utanom jobb.
Vi har siste vekene øvd til juleframsyning på jobb, og med meg som dirigent har det krevd mykje øving, synging og terping kvar dag, og eg har kome stemmelaus heim frå jobb i fleire veker, så no kjende eg det var godt med ferie. Framsyningane var førre torsdag, så då kunne vi senke skuldrane og nyte julefreden etterpå. No er det berre litt julegåver, vasking og pynting i hus og heim som står igjen.

Inn i mellom alt førjulsstresset, så har eg fått gjort litt anna også, men har ikkje vore så flittig med kameraet som eg burde. (Det har faktisk vore så kaldt at eg likar ikkje heilt å ha kamera liggande i bilen.)
Her er Jan-Ove som vi sat attmed på julemarknaden på Grendahuset. Mariell kosa seg i fanget der.
Eit forsøk på å lage julekort sjølv. Tok 175 bilete, og nesten alle var mislykka...neste år vert det nok fotograf ja...Kanskje ein proff fotograf klarer å få desse to turboane til å sitte stille i meir enn to sekund??

Vi var så heldige å få helse på denne karen også. Britt Elin, Karl Oskar og vesle Mikal kom på besøk til Sæbø og til Gunnhild og Kenneth i nyehuset som dei har fått flytta inn i no.


Torill og vesle Jenny tok også turen. Kjempekoseleg!!


Ingen kommentarer: