søndag, desember 26, 2010

Jul på Svora.

For første gong feira vi julafta i eige hus, og berre oss. Tanken på at vi skulle vere "åleine" i år var litt uvant, men det vart ein veldig koseleg juledag/julekveld. Marius var oppe til kl 22, og det skjer ikkje akkurat ofte. Han kosa seg skikkeleg, spesielt etter at Mariell hadde lagt seg, og han fekk leike med leikene som han hadde fått, utan innblanding...
 Årets julemiddag.
 Mariell har ei "Pippi-dokke" med Besta som ho er så glad i. No hadde Besta kjøpt ei Pippi-dokke til Mariell, som ho kan ha her heime. Det var stor suksess!
 Prinsesse-stol også fekk ho, og den kosa ho seg i med Pippidokka og "kosen" sin.
 Marius fekk seg hjelm og vernebriller. Dei måtte sjølvsagt prøvast.
 Etter å ha testa dei på Mariell, måtte han teste dei sjølv, og det var ikkje så populært for minstsnuppa.
 Pappa og Marius.
Arbeidsbenk med verktøy var stor stas for ein arbeidskar som Marius. Her var det seint på kveld, og Marius konsentrerte seg sånn at han snorka i våken tilstand...eller i halvsøvne, alt ettersom....


1 kommentar:

Solveig sa...

Ser ut som dåkke he hatt ei veldig koselig aleine-jul! :-) Sikker på at ungane hadde det kjempefint med!