onsdag, desember 22, 2010

Selskap til Kristian.

Kristian har bursdag rett før jul, og vi brukar alltid å få kome i eit flott familieselskap. Denne gongen var vi veldig mange, og det var ekstra kjekt å få helse på alle no rett før jul, både Kjellfrid og Hjalmar, Idar, Arnfinn og Sofie, som reiser til Bergen for å feire jul der. I tillegg var familien til Elisabet der, og Annemor og Svein-Ivar, så vi fekk helse på før jul. (Dei skal feire jul i lag i Ørsta, medan vi vert i Bondalen.)
Frøkena vår, som lika å vere høgt og lavt for tida likte seg best i trappa. Opp og ned, ned og opp..

Alle samla på golvet. Kristian var snill og henta leiker til oss.

Bursdagsbarnet. Snart vaksen no...;-)

Marius kosa seg i selskap.
Vart litt lite bilete denne dagen også, for midt oppi det heile var det EM-finale i handball. Den måtte vi sjølvsagt få med oss;-)
Heia Norge!!

1 kommentar:

Tove sa...

For ein nydeleg strikkakjole vesle frøkena hadde på seg!!!

Godt nyttår til deg og alle dine!!!