Det er noko merkeleg med at ein alltid trur at jula skal vare så lenge. Ein tenkjer at ein skal rekke så mykje, få vere ilag med familie og vener, og kose seg heime ilag med ungane. Så plutseleg er dagane reiste før ein får sukk for seg, og det er tilbake til kvardagen igjen.
For oss vart det barnehagestart for Mariell. Ho har fått 40% plass i Dalane barnehage, og no er vi ferdige med tilvenninga. Det har gått kjempebra frå første sekund, og vi håper det fortsett slik. Jenta vår var klar for barnehagen, det var heilt sikkert. Eg, som trudde eg kom til å gå aldeles i oppløysing, greidde meg ganske bra også. Berre ei fryd så lenge jenta vår kosar seg og synest det er heilt greitt å vere der. Sist eg henta ho måtte eg ta frå ho dokka (som ho leikar med heeeeile tida) og bære ho ut på gangen, for ho hadde ikkje tenkt å vere med meg...
Marius har også vorte "stor" gut i jula. Han har plutseleg slutta å sove på dagtid. Han som kunne sove i 3 timar midt på dag, slutta plutseleg å sove i det heile tatt. Først heime, og no i barnehagen også. Han såg fort kva han hadde gått glipp av i barnehagen, og han storkosar seg skikkeleg no når han får vere ekstra lenge ute og leike.
Neste milepæl på lista til Marius no er smokken...den trur eg vi skal prøve å få lure frå han til 3-årsdagen. Så var det å gå på do, men han er ikkje heilt der enno....til sommaren får vi håpe han er klar!
Frå juleselskap med farmor. Marius kosa seg attmed Kristian og co.
1 kommentar:
Sikker på at Mariell storkosa sej i barnehagen. Kjekt for ne å bryne sej på fleire onga :)
Åsso må no du nytte fridagane. Dei e jammen go å ha!
Legg inn en kommentar