laurdag, februar 12, 2011

Ein bit frå kvardagen.

2011 er godt i gong, og jammen er det ikkje lenge til vinterferien alt.
Etter skulestarten 3. januar har dagane gått slag i slag her i huset. Mariell går no to dagar i veka i barnehage, og det er ein annan barnehage enn Marius går i. Ho storkosar seg, og vil som regel ikkje vere med heim når vi hentar ho.
Det er tydeleg at ho har vorte stor jente no. Ho pratar og trallar heile dagen, og det kjem nye ord og setningar kvar dag.
Mariell er ei skikkeleg fantejente, og ho har som regel humoren og luresmilet på plass.

Desse bileta seier vel det meste...

Marius har fått seg ski, og har vist seg å vere ganske så tolmodig. Meir tolmodig enn mora vertfall...
Litt knall og fall gjorde ingenting, og smilet var like breitt etterpå. Debuten var på marka ovanfor huset, og no mannar vi oss opp til å ta turen på Bondalseidet for å teste løypene der.
 Siste tida har Marius vore ganske kreativ om morgonen...han har som regel brukt å kome inn til oss når han vakna, men i det siste har han styrt på i det stille, og vi har stått opp til overraskingar som denne...
2 dorullar og to pakkar med våtserviettar er oppskrifta på dette kunstverket. Ein viktig detalj er at du må lage så små bitar som råd...

Småtrolla våre er så heldige at dei får vere mykje i lag med besteforeldra sine. Fanget deira er alltid ledig for ein liten og sliten kropp, og det er ikkje reint få bøker som vert lese der.
(Eg hadde ikkje bilete av farmor akkurat no, men det må nemnast at fanget hennar er også flittig brukt.)

Vi er jammen heldige!

1 kommentar:

Randi sa...

Veldig kjekt å få eit glimt frå kvardagen dokka! Syns Marius er ein flink kunstnar, eg. Kreativ og nytenkande, med sans for detlajar ;) Og for ei herleg jente Mariell også er då :) Fortsatt god helg til dokke alle 4. Klem